Engelsen Entreprenør AS

Illustrasjonsbilde for ledig stilling
Back symbol Tilbake til oversikt

Er du ein som ser løysningar og vil bygga prosjekt, folk og selskap?

Prosjektleiar

Me er i eit taktskifte med vekstutsikter, både i geografisk marknad og breidd i prosjekt. Derfor ser me etter prosjektleiar i Engelsen Entreprenør, til å leia total- og hovudentreprisar på betong, som kai, vassdam, bru og bygg. Du arbeidar med god framdrift, økonomistyring og sikkerheit. Hos oss er betong den raude tråden, og me er ein kompetanseleverandør innan betongfaget. Helst ser me etter deg som har erfaring med å leia prosjekt frå oppstart til mål.

Er du ein som ser heilskapen og kan vera ei sparring, både med menneske, marknad og metodikk, så er det ein fordel. Det vil vera store moglegheiter til å være med å bygga selskap og skapa prosjekt framover. Hos oss har me tradisjon for å bygga folka våre, det har me tenkt å fortsetta med. Me står saman både når me lukkast og når det gjerne skulle gått betre.

I over 100 år har me sett positive spor i regionen, denne jobben er moglegheita for deg som vil vere med og byggja vidare, i det nye taktskiftet, med eksisterande og nye geografiske marknader og nye prosjekt.

DIN KOMPETANSE
  • Solid byggteknisk forståing og erfaring med byggeprosjekt, gjerne òg totalentreprise
  • Fortrinnsvis ingeniør på bachelor- eller masternivå, god erfaring kan kompensera
  • Kan leia prosjekt frå oppstart til slutt
  • Er opptatt av økonomisk kontroll i prosjekt og har erfaring med kalkulasjonsprogram
  • Er positiv, ser løysningar og vil læra meir
  • Norsk, skriftleg og munnleg

ME TILBYR
  • Konkurransedyktig løn og vilkår, inkludert bil eller bilordning
  • Eit solid selskap som satsar på deg
  • Moglegheit til å vere med å bygge og utvikle selskapet

Arbeidsstad er Stord.

Nyfiken?
Ta ein uforpliktande og konfidensiell prat om stillinga med vår rådgjevar i Human, Magnus Ånestad, på 992 67 888 eller dagleg leiar i Engelsen Entreprenør, Marwan Mostafa, på 932 82 284. All kontakt vert handsama konfidensielt, og overfor oppdragsgjevar i ein tidleg fase om ønskeleg.
 

Om Engelsen Entreprenør AS

Engelsen Entreprenør er ein erfaren entreprenør med lange tradisjonar på Stord. Me har som målsetjing å vere den leiande betongentreprenøren i Sunnhordland, men skal også vere ein betydeleg marknadsaktør innanfor hovud- og totalentreprisar. Engelsen Entreprenør AS er ein kompetanseleverandør innanfor betongfaget. Våre kundar er små og store – stat og kommune, private byggherrar samt industriverksemder. Me er i dag 33 tilsette.

Info

Søk nå

Klar for å ta nye steg i karrieren?

Registrer CVen din hos oss, så er du kanskje et skritt nærmere drømmejobben.

Registrer CV