
Alsaker Fjordbruk er eit havbrukskonsern i sterk vekst. Me driv ikkje berre tradisjonelt matfiskoppdrett i sjø, men har gjennom mange år investert betydeleg i settefiskanlegg, landbaserte løysingar, teknologiutvikling, serviceverksemd, logistikk, slakteri og eigedom. Konsernet har aktivitet i store delar av Vestland og Rogaland, og står bak både omfattande nybygg, moderniseringar og framtidsretta utviklingsprosjekt.
No søkjer me ein allsidig og erfaren prosjektleiar til varierte prosjekt i vårt konsern. Du vil få ei sentral rolle i planlegging og gjennomføring av prosjekt på tvers av verksemdene våre, frå tidleg fase og prosjektering, til bygging, ferdigstilling og overlevering. Prosjekta varierer i storleik og kompleksitet, og spenner frå tekniske installasjonar og utbyggingar, til infrastruktur, kai, bygg og anlegg, både på land og ved sjø. Vi er meir opptekne av praktisk erfaring og gjennomføringsevne enn formell utdanning. Du har gjerne bakgrunn frå entreprenør, eller bygg og anlegg, og veit kva som fungerer i praksis. Du må og kunne utarbeide tekniske skisser og løysingar i AutoCAD.
Hos oss får du arbeide tett med leiinga og eigar, og du får vere med på å påverke utviklinga av eit konsern i stadig endring, og byggje framtidsretta løysingar for norsk havbruk og lokalsamfunna me er ein del av.
DINE ARBEIDSOPPGAVER:
DIN KOMPETANSE:
DINE EIGENSKAPAR:
ME KAN TILBY:
Arbeidsstad: Onarheim, Tysnes
Søknadsfrist: 13. august
Høyres dette spanande ut? Me kan tilby deg ein uforpliktande og konfidensiell prat om stillinga. Ta kontakt med ein av våre rådgjevarar i Human, Henrik Brandtzæg, på mob 938 36 99 eller Edvard Thormodsæter på mob 415 708 49.
Spørsmål kan også rettast til Personalsjef Helga Irene Pettersen, på mob 992 10 105
Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er det største privateigde oppdrettskonsernet i Sør-Norge, med 36 matfiskkonsesjonar, 5 settefiskanlegg, stamfiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar. Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 4 milliardar i omsetnad og er om lag 500 tilsette i Hordaland og Rogaland
Henrik Brandtzæg
93836995Edvard Thormodsæter
95882299
Søk nå Registrer CVen din hos oss, så er du kanskje et skritt nærmere drømmejobben.
Registrer CV