
Vil du vere ein pådrivar for effektiv drift og kontinuerleg forbetring?
Hardanger Seafood er mykje meir enn eit lakseslakteri. På få år har verksemda gått frå oppstart til å bli eit av dei mest moderne og teknologisk avanserte produksjonsanlegga for sjømat på Vestlandet. Med høg grad av automatisering og avanserte robot- og styringssystem handterer fabrikken rundt 40.000 tonn fisk årleg, tilsvarande 350 000 middagar kvar einaste dag gjennom heile året.
Bak kvar leveranse ligg eit avansert samspel mellom teknologi, menneske og presisjon. Her møter avansert prosessteknologi eit komplekst produksjonsmiljø med vatn, tempo og kompromisslaust krav til kvalitet, hygiene og mattryggleik. Samtidig er dette ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag: å sikre ei trygg og berekraftig matforsyning til kundar og sluttbrukarar over heile verda.
No søker me ein teknisk leiar som vil vere med å ta oss vidare inn i neste fase. Her vil du arbeide for å sikre stabil drift, minimere nedetid, vidareutvikle både tekniske system og ikkje minst leie menneska i avdelinga. Du blir ein del av eit produksjonsmiljø der kvart minutt tel, og der førebygging, god struktur og problemløysing er avgjerande for å lukkast. Rolla kombinerer personalansvar og fysisk nærvær på fabrikken, med strategisk arbeid og involvering i ulike prosjekt.
Me ser etter deg som ønsker å arbeide med moderne teknologi i eit komplekst produksjonsmiljø med eit høgt aktivitetsnivå. Her får du vere med å påverke og forme framtidas sjømatproduksjon i eit selskap med store ambisjonar.
DINE ARBEIDSOPPGÅVER:
DIN KOMPETANSE:
DINE PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
ME TILBYR:
Arbeidsstad: Langevåg
Søknadsfrist: 14. juni
Interessert?
Me kan tilby deg ein uforpliktande og konfidensiell prat om stillinga. Ta kontakt med våre rådgivarar i Human, Henrik Brandtzæg, på mob. 938 36 995 eller Synnøve Jøssang, på mob. 916 43 229 .
Spørsmål kan også rettast til dagleg leiar Einar Eide, på mob 971 94 007.
Hardanger Seafood AS er eitt av dei mest moderne lakseslakteria på Vestlandet og held til på Langevåg på Bømlo. Selskapet vart etablert i 2020 og er eigd av Eidesvik Laks, Fylkesnes Fisk, Lingalaks og Tombre Fiskeanlegg. Med høg grad av automatisering, moderne fasilitetar og stor produksjonskapasitet slaktar, pakkar og frys Hardanger Seafood laks og aure for oppdrettarar på Vestlandet. Verksemda har eit sterkt fokus på kvalitet, mattryggleik, berekraft og kontinuerleg utvikling, og leverer sjømat til kundar over heile verda.
Henrik Brandtzæg
93836995Synnøve Jøssang
91643229
Søk nå Registrer CVen din hos oss, så er du kanskje et skritt nærmere drømmejobben.
Registrer CV