Stord kommune

Illustrasjonsbilde for ledig stilling
Back symbol Tilbake til oversikt

Vil du leia Stord gjennom omstillinga som formar framtidas samfunn?

Kommunedirektør

I Sunnhordland er me vande med omstilling. Industrien vår har gjennom alle tider måtta tilpassa seg nye marknader, teknologi og krav – og har oftast kome styrka ut, sjølv om det har vore krevjande. No er det Stord kommune som er i omstilling.

Kommuneøkonomien er pressa, behova aukar og endrar seg, og forventningane frå innbyggjarane er store. Samstundes har kommunen sterke fagmiljø, engasjerte medarbeidarar og ei brei kontaktflate med næringsliv og region.

Som kommunedirektør får du ei nøkkelrolle i å skapa retning og samspel – mellom drift og utvikling, politikk og administrasjon, ambisjonar og realitetar. Med visjonen «Saman om utvikling og velferd» som samlingspunkt, skal du byggja ein organisasjon som leverer trygge tenester, held økonomien i balanse og skapar rom for utvikling.

KVEN SER ME ETTER? 

Me søkjer ein kommunedirektør som trivst i spenningsfeltet mellom politikk og fag. Du kombinerer strategisk blikk med nærleik til menneska, og finn motivasjon i å utvikla både organisasjonen og lokalsamfunnet. Stord er ein liten by for det heilt store.

Du har evne til å skapa framdrift og engasjement, forstår kompleksiteten i ein politisk styrt organisasjon og vågar å foreslå prioriteringar når alt ikkje kan gjerast samstundes. 

Du står støtt i krevjande situasjonar, tek tydelege val og kommuniserer klart – både med politikarar, leiarar og medarbeidarar. Samstundes byggjer du tillit gjennom open dialog og involvering, brukar utvida trepartssamarbeid aktivt, og gjer leiargruppa til ei samla kraft i organisasjonen.

Du ønskjer å utvikla både system og kultur – å driva fram nødvendig endring, men samstundes skapa tryggleik og struktur. Du har erfaring med å leia gjennom økonomiske prosessar og endring, og trivst med å byggja struktur og samarbeid på tvers av sektorar. Du bur i, eller er villig til å busetja deg i regionen, slik at du kan vera tett på kommunen, organisasjonen og lokalsamfunnet. 

Vi forutset høgare utdanning og solid leiarerfaring frå større og komplekse organisasjonar, offentlege eller private. Du har god økonomiforståing og forstår korleis politikk, forvaltning og drift verkar saman. Korleis du leier deg sjølv og brukar dine personlege eigenskapar i leiarskapet ditt, vil bli vektlagd.

Bli betre kjend med Stord kommune: 

  • Les fakta om Stord kommune her
  • Sjå våre overordna planar her
  • Sjå «Sunnhordlandsfilmen» her 

Vil du vite meir om Stord kommune og stillinga, lytt til denne podkastepisoden: 

Ønskjer du ei uforpliktande og fortruleg samtale om stillinga?  
Våre rådgivarar i Human tek gjerne ein uforpliktande og konfidensiell prat med deg. Ta kontakt med Edvard Thormodsæter (958 82 299) eller Morten Myhren (482 24 660). Du kan òg ta kontakt med ordførar i Stord kommune, Sigbjørn Framnes (900 62 055). 

Søknadsfrist: 05.12.2025

Det vert utarbeidd offentleg søkjarliste i tråd med offentleglova. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkjaren bli varsla om dette.

Om Stord kommune

Stord ligg sentralt i Sunnhordland mellom Bergen og Stavanger, og er kommunikasjons- og regionsenter i ein av Vestlandets mest spennande industriregionar. Kommunen har om lag 19 500 innbyggjarar. Gjennom Trekantsambandet er Stord landfast med Bømlo og Haugalandet, og både E39 og Stord lufthamn gjer kommunen lett tilgjengeleg frå resten av landet. 

Stord er ein utviklingsorientert industrikommune med lange tradisjonar innan energibransjen og maritim sektor. Gjennom samarbeid i ei verdsleiande maritim klynge har kommunen ei sentral rolle i utviklinga av berekraftige og framtidsretta løysingar.

Under visjonen «Saman om utvikling og velferd» har Stord ambisjonar om å vera ein attraktiv vekstkommune – ein liten by for det heilt store. Kommunen har utvida trepartssamarbeid. Det er eit rikt tilbod innan kultur, idrett, utdanning, handel og friluftsliv, og eit engasjert lokalsamfunn med sterke fellesskap. Verdiane open, nyskapande, respektfull og brukarorientert pregar arbeidet til både folkevalde og tilsette, og ligg til grunn for korleis kommunen yter tenester, samarbeider og utviklar seg vidare. 

Info

Søk nå

Klar for å ta nye steg i karrieren?

Registrer CVen din hos oss, så er du kanskje et skritt nærmere drømmejobben.

Registrer CV