Er du juridisk trygg, klar i språket og ønsker å bidra til rettstryggleik i eit veksande samfunn?
Austevoll kommune styrker no innsatsen for klagebehandling og mot ulovlege byggetiltak – og vi treng deg som vil stå opp for lova, men med klokskap, dialog og respekt i møte med folk.
Byggesaksavdelinga i Austevoll kommune har ansvaret for å sikre god, effektiv og rettvis byggesaksbehandling i tråd med plan- og bygningslova. Kommunen er i vekst, og vi har ei aktiv og kompleks saksmengd med både private og næringsdrivne prosjekt. Du vil bli ein del av eit solid fagmiljø som består av byggesaksbehandlarar, juristar, arkitekt, landmålar, planleggjarar og fagansvarleg – med ulik erfaring og bakgrunn.
Avdelinga har høg kvalitet, men vi ønsker no å styrke det juridiske arbeidet med klagebehandling, tilsyn og ulovlighet – og du vil få ei nyoppretta rolle med fagleg fridom og ansvar.
Arbeidsstaden er kommunehuset på Storebø, eit moderne og inkluderande kontorfellesskap sentralt i Austevoll. Pendling frå Bergen går raskt med hurtigbåt frå sentrum eller bil med ferje frå Krokeide (gratis ferjesamband).
Som jurist vil du få ansvar for oppfølging av klagesaker, ulovlege byggetiltak og førebyggande tilsyn etter plan- og bygningslova kap. 25. Du vil vurdere om regelverket er brote, varsle, skrive vedtak og følgje opp med eventuelle reaksjonar som pålegg, tvangsmulkt eller gebyr. Du vil også bidra i klagesaker og gi juridisk støtte til kollegaer i byggesak og plan.
Stillinga inneber sjølvstendig ansvar og fagleg påverknad, og du må kunne stå trygt i saker som kan vere konfliktfylte – samtidig som du kommuniserer klart, korrekt og med respekt.
Ansvarsområde
- Juridisk vurdering og saksbehandling av klage- og ulovligheitssaker
- Utarbeiding av vedtak, førehandvarsel og sanksjonar etter PBL
- Bidra i tilsyn og rettleiing overfor tiltakshavarar og profesjonelle aktørar
- Oppfølging av klagesaker og kontakt med politisk nivå
- Bidra til utvikling av tilsynspraksis, rutinar og kvalitetssystem
- Gi juridisk støtte til byggesaksavdeling og planavdeling
Kvalifikasjonskrav
Formelle krav:
- Master i rettsvitskap (juridisk embetseksamen)
- Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Ønskeleg erfaring:
- Kjennskap til plan- og bygningslova og offentleg forvaltning
- Erfaring med saksbehandling, tilsyn eller rettsleg oppfølging
- Erfaring frå kommune eller anna offentleg sektor er ein fordel
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter deg som:
- Er fagleg trygg og opptrer med integritet
- Kommuniserer tydeleg og presist, også i krevande saker
- Stor arbeidskapasitet og likar å arbeide i høgt tempo
- Har god rolleforståing og respekt for lover, prosessar og folk
- Er sjølvstendig, løysingsorientert og strukturert i arbeidet
Vi tilbyr
- Ei nyoppretta stilling med påverknad og fagleg fridom
- Ein viktig samfunnsrolle i ei kommune i utvikling
- Eit inkluderande fagmiljø med høg kompetanse og godt samarbeid
- Moderne kontor på Storebø og fleksibel arbeidshverdag
- Moglegheit for delvis heimekontor
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter kvalifikasjonar
Om Austevoll kommune
Austevoll er ein øykommune sørvest i Vestland fylke med om lag 5400 innbyggarar og svært høg næringsaktivitet, særleg innan sjømat og havbruk. Kommunen er i sterk utvikling, og vår byggjeaktivitet reflekterer dette. Vi har eit tydeleg fokus på rettstryggleik, effektiv forvaltning og profesjonell tenesteyting.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Spørsmål om stillinga?
Ta gjerne kontakt med:
Ragnhild Hus Fagerbakke – Plan- og byggesakssjef
94 25 96 19
Ole Magnus Hundvin – Rådgivar i Human AS
92 33 11 00
Vi ønsker deg velkomen som søkar til ei stilling med fagleg tyngde, samfunnsansvar og tydelig retning. Om
Austevoll kommune
Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sørvest i Vestland fylke. Austevoll er ein av landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Frå august 2023 vart alle sambanda mellom Austevoll og fastlandet gratis for alle reisande! Kommunen har eit folketal på 5 300 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 430 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.