Stord kommunale utviklingsselskap AS

Illustrasjonsbilde for ledig stilling
Back symbol Tilbake til oversikt

Vil du drive fram eigedomsprosjekt som formar framtida for Stord kommune?

Dagleg leiar

Eigedomsutvikling handlar om meir enn nye bygg, areal og infrastruktur. Det handlar om lokal og regional samfunnsutvikling. Vil du setje deg i førarsetet?

Stord kommune har alle føresetnadar for vidare vekst og utvikling. Som dagleg leiar i Stord Kommunale Utviklingsselskap (SKU) får du ei viktig rolle i denne utviklinga gjennom strategisk eigedomsutvikling og forvaltning. Ved å balansere offentlege og private interesser, vil du vere med på å skape berekraftige prosjekt som bidreg til både økonomisk og sosial verdiskaping for heile kommunen.

Eigedomsutviklinga i SKU har stort potensial og omfattar både nye næringsareal, bustadområde og infrastruktur. I dette arbeidet vil du samarbeide tett med private samarbeidspartnarar, og samtidig opp mot forvaltning og politisk leiing i Stord kommune. Eit aktivt styre i SKU vil vere dine næraste støttespelarar.


Som dagleg leiar i SKU vil du:
  • Vere ein pådrivar for utvikling av berekraftige eigedomsprosjekt som skaper varig verdi for lokalsamfunnet.
  • Leie arbeidet med å identifisere, planleggje og realisere utviklingsprosjekt som styrkjer kommunen sin posisjon og attraktivitet.
  • Samarbeide tett med både kommunale og private aktørar for å sikre vellukka eigedomsprosjekt.
  • Sørgje for at SKU er ein strategisk partnar for kommunen i arbeidet med eigedomsutvikling, med fokus på berekraft, utvikling og verdiskaping.
  • Ha ansvar for den daglege drifta av SKU som selskap, rapportere til styret, og arbeide strategisk og operativt med eigedomsutvikling og -forvaltning.

Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som har god forståing for eigedomsutvikling og forvaltning, og har god kjennskap til politiske prosessar rundt samfunnsplanar og regulering. Du evnar å drive fram ide- og konseptutvikling og sikre viktige vurderingar i tidlegfase av prosjekt. Du har ei relevant høgare utdanning. 

Du er en ein strategisk og handlekraftig person med ein heilskapleg tilnærming til eigedomsutvikling som eit viktig verktøy for samfunnsbygging. Du har evne til å samarbeide med ulike aktørar og er flink til å bygge sterke nettverk og relasjonar. Med god økonomisk forståing er du resultatorientert og i stand til å balansere kommersielle mål med berekraftige løysingar. Som leiar evnar du å motivere og engasjere menneske rundt deg til å nå felles mål. 

Ønskjer du ei uforpliktande og fortruleg samtale om stillinga? 
Våre rådgivarar i Human tek gjerne ein uforpliktande og konfidensiell prat med deg. Ta kontakt med Edvard Thormodsæter (958 82 299) eller Odd Arild Sævik (450 21 995), 
Du kan òg kontakte Bjarte Salomonsen (styreleiar) på telefon (415 05 786) eller e-post bjarte@alltec.no.

Me oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Lønn og arbeidsvilkår følger gjeldande avtaler for leiarar i Stord kommune

Det vert utarbeidd offentleg søkjarliste i tråd med krava i offentleglova. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste vert utarbeidd. 

 

Om Stord kommunale utviklingsselskap AS

SKU er et heileigd kommunalt selskap med eit vedtektsfesta formål om å utvikla, eiga, kjøpa og selja eigedomar. Selskapet skal vera ei pådrivar for å skapa utvikling i grensesnittet mellom offentleg og private interesser, med fokus på berekraftig utvikling og verdiskaping for Stord kommune. Verdiskapinga omfattar både økonomisk vekst og å legga til rette for auka aktivitet og ny utvikling i kommunen.

Info

Søk nå

Klar for å ta nye steg i karrieren?

Registrer CVen din hos oss, så er du kanskje et skritt nærmere drømmejobben.

Registrer CV