Vasskrafta.
Å sjå den mektige krafta i vatnet verta omgjord til elektrisk kraft. Store krefter i sving som medfører krevjande tekniske utfordringar som me likar å arbeida med. Når dette arbeidet er med å sikra berekraftig produksjon av straum, som legg grunnlaget for det moderne samfunn, så tykkjer me det er ein flott totalpakke.
Vil du vera med som prosjektleiar i dette arbeidet?
Som prosjektleiar i Sunnhordland Kraftlag vil du få ansvar for å koordinera og leia oppgraderingar og vedlikehaldsprosjekt av vasskraftanlegg – frå dei første planane, til straumen fløymer gjennom nettet. Det første konkrete prosjektet vil vera eit stort oppgraderingsprosjekt som er satt i gang og varer ut 2027. Prosjektet skal bytte hovedtransformatorar, 420kV kabelanlegg og bygga nytt 420kV koblingsanlegg i Blåfalli III kraftstasjon. Eit prosjekt av betydeleg omfang og verdi. Her må alt planleggast slik at me raskt kan gjera ferdig arbeidet i tidsvindauge me har tilgjengeleg for å unngå produksjonstap i eksisterande anlegg. Her får du stå midt i smørauge av teknologi, berekraft og samfunnsnytte, og sørga for optimalisert nytting av det verdifulle vatnet. Stillinga er plassert i avdeling Teknisk Drift og Vedlikehald og rapporterer til teknisk sjef/driftsleiar.
Arbeidsoppgåver:
- Planlegga, koordinera og følga opp prosjekt i alle fasar – frå idé, prosjektering og gjennomføring til ferdigstilling. Alt i samarbeid med internt fagmiljø, leverandørar og konsulentar for å sikra gode tekniske løysingar og framdrift.
- Sikra at prosjekta held tidsfristar, budsjett, kontrakt og KHMS - krav.
- Leie prosjektorganisasjonen med interne og eksterne aktørar, inkludert SHA-koordinator og teknisk støtte.
- Bidra i drift og vedlikehald når dette er naudsynt
Din kompetanse:
- Fortrinnsvis relevant høgare utdanning, gjerne innan elektrofag, andre tekniske fag eller prosjektleiing. Erfaring kan kompensera for utdanning.
- Erfaring frå prosjektleiing og kontraktarbeid gjerne frå kraftproduksjon eller industri
- Erfaring med prosjektstyringsprogram, me brukar Interaxo
- Førarkort klasse B
- Norsk språk
Dine personlege eigenskapar:
- Strukturert med kommersiell og teknisk forståing.
- God på kommunikasjon og samarbeid – samlar teamet om felles mål.
- Løysingsorientert og trygg på å ta avgjerder.
Me tilbyr:
- Moglegheiter for fagleg utvikling og vidareutdanning.
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for delvis heimekontorordning.
- Firmabil og gode løns-, pensjons- og velferdsordningar som hytter, trening og helseforsikring.
For den som får jobben, blir det gjort bakgrunnssjekk i tråd med kraftberedskapsforskrifta.
Arbeidsstad: Matre i Kvinnherad men delvis bruk av kontor i Etne eller på Stord kan vurderast.
Søknadsfrist: 15.1.2025
Nyfiken? Har du spørsmål eller ønsker ein uforpliktande samtale om stillinga? Ta kontakt med vår rekrutteringsrådgivar i Human; Magnus Ånestad på 992 67 888. Du kan òg kontakta teknisk sjef/driftsleiar Eirik Ulvenes på 975 56 134, eller avdelingsleiar for teknisk drift og vedlikehald, Tore Storhaug på 909 39 434.
Om
Sunnhordland Kraftlag AS
Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vind- og vasskraft i Norge og eig i kraftverk med samla installert effekt på 875 MW. Desse produserer årleg omlag 3 200 GWh i Vestland- og Rogaland fylke. Hovudkontoret er på Stord. SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging. SKL deltek også i utvikling av offshore vindkraft og grøn hydrogenproduksjon.