Sunnhordland Kraftlag AS

Illustrasjonsbilde for ledig stilling
Back symbol Tilbake til oversikt

Likar du å arbeida med folk, utvikling og organisasjon?

HR-leiar

Som HR-leiar i SKL vil du få eit overordna ansvar for HR-funksjonen i selskapet. For våre leiarar vil du vera ein viktig støttespelar og rådgivar i HR-spørsmål.

Som HR-leiar vil du arbeida både operativt og strategisk og få vere med på å påverka korleis organisasjonen arbeider med HR-spørsmål. Du vil vere ein pådrivar i viktige HR-prosessar og rutinar, og legga til rette for, og sikre eit godt samarbeid med både tilsette, leiarar og fagforeiningar. Men også andre relaterte administrative oppgåver vil ligga til stillinga.

Som HR-leiar har du gode mellommenneskelege ferdigheitar, du oppnår tillit og kommunisera godt både munnleg og skriftleg på tvers av organisasjonen. Du opptrer ryddig og med god integritet slik at ein sikrar gode rammar for dei om lag 65 tilsette. Du er sjølvstendig, tek initiativ og har god gjennomføringskraft.
 
Erfaringsbakgrunn: 
  • Relevant høgare utdanning
  • Brei erfaring frå HR-område som til dømes rekruttering, sjukefråværsoppfylging, konflikthandtering, drøftingar og forhandlingar, arbeid med personalpolitikk, arbeidsrett, pensjon, avtaleverk, organisasjonsutvikling mv
  • Sterke kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
Me tilbyr: 
  • Ein moglegheit med stor påverknad på menneske og organisasjon
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein fleksibel arbeidskvardag
  • Gode løns-, pensjons- og velferdsordningar som hytter, trening og helseforsikring
På den som vert tilbydd jobben, vil det bli utført bakgrunnssjekk i henhold til kraftberedskapsforskriften.
 
Arbeidsstad: Ved vårt kontor på Stord 
Organisatorisk plassering: I stab, nærmaste leiar vil vere Økonomisjef Knud Nagell Dahl

Nyfiken? Har du spørsmål eller ønsker ein uforpliktande samtale om stillinga? Ta kontakt med våre rekrutteringsrådgjevarar i Human; Magnus Ånestad på 992 67 888 eller Edvard Thormodsæter på 958 82 299. Du kan også kontakte økonomisjef Knud Nagell Dahl på 975 56 190. 
 
For oss alle tilsette i SKL handlar det om å bidra til berekraftig og lønnsam nytting av vår fornybare, reinaste og mest effektive energi; vasskrafta.
 

Om Sunnhordland Kraftlag AS

Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vasskraft i Norge og eig i kraftverk med samla installert effekt på 716 MW. Desse produserer årleg omlag 2 700 GWh (150 000 husstandar) i Vestland- og Rogaland fylke. Hovudkontoret er på Stord. SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging. SKL deltok også i utvikling av offshore vindkraft og grøn hydrogenproduksjon.

Info

  • Stilling: HR-leiar
  • Arbeidssted: Stord
  • Heltid/Deltid: Fulltid
  • Søknadsfrist: 15.10.2024
  • Fylke: Vestland
  • Tiltredelse: Etter avtale
  • Kontaktpersoner:
  • Magnus Ånestad

    +4799267888
  • Edvard Thormodsæter

    +4795882299
  • https://www.skl.as
Søk nå

Klar for å ta nye steg i karrieren?

Registrer CVen din hos oss, så er du kanskje et skritt nærmere drømmejobben.

Registrer CV