Me ser etter ein vassdragsteknisk ansvarleg (VTA) eller ein ingeniør/sivilingeniør som kan tenka seg å bli det. Om du ikkje allereie er VTA, vil me legge til rette for at du får deg teoretisk grunnlag og erfaring til å bli det.
Som VTA har du det faglege ansvaret for at tryggleiken til vassdragsanlegga vert overvaka og vurdert. Ein har òg ansvar for å utarbeide og halde oppdatert eit internkontrollsystem for anlegga. I dette inngår ansvar for dokumentasjon. VTA rapporterer til administrerande direktør.
I tillegg til å væra VTA får du tidvis delta i utbyggingar og oppgraderingar av kraftverk og vassdragsanlegg i ulike rollar, alt etter erfaring.
Hos oss blir du del av eit miljø med mykje erfaring som villig deler kompetanse, og med andre VTA-ar å spele på.
SKL er eit lokalt energiselskap og er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vasskraft i Noreg. Gjennom oppkjøp, utbygging og utvikling av eksisterande vasskraftanlegg er me eit solid og framtidsretta selskap i utvikling.
Din kompetanse
- Vassdragsteknisk ansvarleg i dag eller interesse for å ta teoretisk påfylling kravd for å bli VTA
- Fortrinnsvis utdanning innan vassdragsteknikk eller konstruksjonsteknikk. Ingeniørutdanning relevant for vasskraft og vilje til å ta påkrevd utdanning kan kompensera
- Erfaring frå bransjen er ein fordel
- Fordel med sivilingeniør / mastergrad
- Sertifikat klasse B
Dine personlege eigenskapar
- Høgt fokus på sikkerheit
- Gode analytiske ferdighetar
- Du arbeider strukturert og sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsferdigheiter både på skriftleg og munnleg norsk
Vi tilbyr:
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for heimekontorordning
- Gode personal- og velferdsordningar
Arbeidsstad: I hovudsak ved vårt kontor på Stord, med nokre turar til anlegga
Nyfiken? Har du spørsmål eller ønsker ein uforpliktande samtale om stillinga? Ta kontakt med vår rekrutteringsrådgjevar i Human, Magnus Ånestad på 992 67 888. Eller med avdelingsleiar, Kjetil Harestad, på 975 56 049.
Om
Sunnhordland Kraftlag AS
Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vasskraft i Norge og eig i kraftverk som produserer omlag 2.700 GWh (150 000 husstandar) i Vestland- og Rogaland fylke. Hovudkontoret er på Stord. SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging. SKL deltek også i utvikling av offshore vindkraft og grøn hydrogenproduksjon.