Leirvik AS

Illustrasjonsbilde for ledig stilling
Back symbol Tilbake til oversikt

Leirvik As er i vekst! Vil du bidra til utvikling av gode planar og prosjektgjennomføring?

Planleggar

Me er i ein ekspansjonsfase og har behov for fleire gode, kompetente medarbeidarar. På anlegget vårt på Leirvik, Stord, vil du som planleggar bli ein viktig del av prosjektleiinga, og få vera med på prosjekta frå start til slutt. Du vil vere med i etableringa av aktivitetar, oppfølging av framdriftsplan og vidareutvikling av prosjektplan. Du vil òg bidra til utvikling av bedrifta sin systematikk for prosjektplanlegging og gjennomføring.

I Leirvik får du moglegheit til å arbeide saman med mange dyktige menneske på tvers av ulike fagfelt. Di oppgåve blir å fungere som ein plankoordinator for desse ulike fagfelta, gjennom heile prosjektperioden. Det er også viktig at dine planar for prosjektet mogleggjer god framdrift og legg til rette for at dei måla og milepælane som blir satt undervegs, blir overhalde.

Ein av dine gode eigenskapar er evna til å kommunisere tydeleg og klart, både skriftleg og munnleg. Du er god på å forklare dei ulike stega av prosjekta på ein enkel og forståeleg måte og evner å gi klar instruks til deltakarar i prosjekta. Du er også analytisk anlagt og ser stadig etter forbetringspunkt og tiltak som kan hjelpe med å utvikle og effektivisere dei ulike prosessane. Du er glad i å lære nye ting og likar å halde deg oppdatert på nye metodar innan prosjektgjennomføring.


Du har:
  • Erfaring med produksjon, planlegging og/eller større prosjekt
  • Fortrinnsvis prosjekterfaring innan Olje og Gass, men vi er også nysgjerrig på deg med erfaring frå tverrfaglege prosjekt innan til dømes samferdsle eller bygg og anlegg.
  • Leiarerfaring eller -eigenskapar
  • Gode administrative evner, du er strukturert og likar å skape gode planar
  • Evne til å sjå dei store linjene i prosjektet og finne moglegheiter for optimalisering og effektivisering
  • Gode samarbeidsevner
  • Gode kommunikasjonsevner både på norsk og engelsk

Me tilbyr:
  • Eit trygt og godt arbeidsmiljø i «Leirvik-familien».
  • Ein spanande arbeidskvardag i lag med dyktige kollegaer med ulike kompetansar og fagfelt
  • Ei utfordrande stilling der du er involvert i heile prosjektprosessen frå start til slutt.
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Gode velferdsordningar og pensjon

Har du spørsmål eller ynskjer du ein uforpliktande prat om stillinga?
Ta kontakt med våre rådgjevarar i Human; Edvard Thormodsæter, telefon 958 82 299 eller Henrik Brandtzæg, telefon 938 36 995. Du kan også kontakte Manager Planning, Øystein Rykkje, telefon 930 39 034.

Om Leirvik AS

Leirvik AS er ei moderne verksemd med 270 topp kvalifiserte medarbeidarar. Etter nær 50 år med bygging og vedlikehald av offshore bustadhotell, satsar me no i tillegg på nye område som akvakultur, infrastruktur og havvind. Me har i dag eit breitt ingeniørmiljø som utviklar teknologi og løysingar som vert nytta for å byggja og vedlikehalda bustadhotell, både på eige verft på Stord og offshore. Det har vore eit krav til omstilling heile vegen – og me har klart det takka vera ei kontinuerleg nyskapings- og entreprenørånd gjennom generasjonar. Og det aller viktigaste; me har gode folk på alle plan!

Info

Søk nå

Klar for å ta nye steg i karrieren?

Registrer CVen din hos oss, så er du kanskje et skritt nærmere drømmejobben.

Registrer CV