ENGELSEN ENTREPRENØR AS

Illustrasjonsbilde for ledig stilling
Back symbol Tilbake til oversikt

Er du ein som ser moglegheiter og har erfaring med byggeprosjekt, som vil utvikla folk, prosjekt og selskap?

Prosjektutviklar

Både vårt produkt og selskap er solid. Me har dei siste åra hatt nokre gode år og vil bruka tida no til å bygga vidare. Derfor opprettar me ei stilling til deg som kan ta prosjekt frå møterommet og tankestadiet fram til våre prosjektleiarar tek over bygginga. Du må nødvendigvis ikkje ha betongerfaring, men me ser etter deg som har erfaring med byggeprosjekt, som har auga for moglegheiter og er svolten på å få ting til og opptatt av solide leveransar. For me vil fortsetja å væra den leiande betongentreprenøren i Sunnhordland, som handterer både total- og hovudentreprisar.

Hos oss har me tradisjon for å bygga folka våre, det har me tenkt å fortsetja med.  Derfor vil me og gje store moglegheiter til deg som evnar ta ansvar for utvikling av både folk, prosjekt og selskap. I over 100 år har me sett positive spor i regionen, denne jobben er moglegheita for deg som vil vere med og byggja regionen vidare. Me er no stolt med og byggjer regionens første BREEAM bygg, for å fortsetje med dei positive spora i framtida.

Som prosjektutviklar i Engelsen Entreprenør, er du ein del av leiargruppa i selskapet og samarbeider tett med resten av leiargruppa i ditt arbeid. Hjå oss står me saman både når me lukkast og når det gjerne skulle gått betre.

DIN KOMPETANSE
  • Solid byggteknisk forståing og erfaring med byggeprosjekt
  • Relevant ingeniørutdanning på bachelor- eller masternivå
  • Fordel med erfaring frå prosjektutvikling eller anbodsprosessar
  • Er både strukturert og ambisiøs
  • Har kommersiell forståing og likar å møta folk

DINE ANSVARSOMRÅDER:
  • Ha auge for moglegheiter i marknaden
  • Arbeida tett med kundar og byggherrar i utvikling av prosjekt
  • Utvikla interne prosjekt i konsernet
  • Delta i anbodsprosessar og samhandling med underentreprenørar
  • Risikovurdering, kalkulasjon og utarbeiding av tilbod
  • Gjennomgå og støtta prosjekt etter behov i oppstartsfase

Nyfiken?
Ta ein uforpliktande og konfidensiell prat om stillinga med vår rådgjevar i Human, Magnus Ånestad, på 992 67 888 eller dagleg leiar i Engelsen Entreprenør, Bernt Øyvind Vad, på 970 59 018. All kontakt vert handsama konfidensielt, og overfor oppdragsgjevar i ein tidleg fase om ønskeleg.

Om ENGELSEN ENTREPRENØR AS

Engelsen Entreprenør er ein erfaren entreprenør med lange tradisjonar på Stord. Me har som målsetjing å vere den leiande betongentreprenøren i Sunnhordland, men skal også vere ein betydeleg marknadsaktør innanfor hovud- og totalentreprisar. Engelsen Entreprenør AS er ein kompetanseleverandør innanfor betongfaget. Våre kundar er små og store – stat og kommune, private byggherrar samt industriverksemder. Me er i dag 37 tilsette.

Info

Søk nå

Klar for å ta nye steg i karrieren?

Registrer CVen din hos oss, så er du kanskje et skritt nærmere drømmejobben.

Registrer CV