Me er i ein ekspansjonsfase og har behov for fleire gode, kompetente medarbeidarar. Med utgangspunkt i vårt anlegg på Leirvik, Stord, vil du som instrument og telekom ingeniør få ei sentral rolle i å styrke og vidareutvikle kompetansen innan fagområdet. Me leverer bustadmodular til offshoresektoren, med heile spennet innan instrument og telekom. Her vil du få prosjektere mange ulike disiplinar innan fagfeltet, mellom anna integrering av nettverk, callinganlegg PAGA, wifi-system, Brann- og gassanlegg, instrumentering mot HVAC og montering av antennetårn med 4G, radio, radar med meir.
Hos oss i Leirvik vil du bli del av ei gruppe med dyktige menneske på tvers av ulike fagfelt og du vil få moglegheit til å bli disiplinledar innanfor ditt fagfelt. Her vil du få jobbe med systemdesign og koordinering, samt prosjektplanlegging, budsjettering og rapportering. Du vil få jobbe med 3D-modellering og -koordinering og dokumentere design i bedriftas prosjekteringverktøy. Du vil også måtte jobbe med å utarbeide MTO og tekniske revisjonar.
Ein av dine gode eigenskapar er at du er løysningsorientert og evner å sjå dei store linjene i prosjekta du er involvert i. Du trivst med å jobbe i eit team, samstundes som du klarer å jobbe strukturert og sjølvstendig når det trengs. Du er glad i å lære nye ting og likar å halde deg oppdatert på nye metodar og nyvinningar innan fagfeltet.
Du har:
- Erfaring med prosjektering, design, fabrikasjon og installasjon innan instrument og telekom.
- Erfaring med problematikken rundt tennkilde isolering og EX filosofi.
- Kjennskap til NORSOK og offshore regelverk, men me er også nyfikne på deg med erfaring frå andre prosjekt med fleire disiplinar innan fagfeltet.
- Erfaring med bruk av 3D-verktøy, fortrinnsvis Revit.
- Gode eigenskapar innan lagarbeid der ein bygger kvarandre opp og deler informasjon.
- Gode kommunikasjonsevner både på norsk og engelsk
Me tilbyr:
- Eit trygt og godt arbeidsmiljø i «Leirvik-familien».
- Ein spanande arbeidskvardag i lag med dyktige kollegaer med ulike kompetansar og fagfelt.
- Ei utfordrande stilling der du er involvert i store prosjekt, med alle fasane av instrument og telekom frå start til slutt.
- Moglegheit for å bruke din kompetanse til å påverke din kvardag.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Konkurransedyktige vilkår.
- Gode velferdsordningar og pensjon.
Nyfiken?
Har du spørsmål eller ynskjer du ein uforpliktande prat om stillinga? Ta kontakt med våre rådgjevarar i Human; Henrik Brandtzæg, telefon 938 36 995, eller Edvard Thormodsæter, telefon 958 82 299. Du kan også kontakte ressursleder på instrument og telecom, Dagfinn Koppang på telefon 412 12 205
Om
Leirvik AS
Leirvik AS er ei moderne verksemd med nærmare 300 topp kvalifiserte medarbeidarar. Etter nær 50 år med bygging og vedlikehald av offshore bustadhotell, satsar me no i tillegg på nye område som akvakultur, infrastruktur og havvind.
Me har i dag eit breitt epc-miljø som utviklar teknologi og løysingar som vert nytta for å byggja og vedlikehalda bustadhotell, både på eige verft på Stord og offshore.
Det har vore eit krav til omstilling heile vegen – og me har klart det takka vera ei kontinuerleg nyskapings- og entreprenørånd gjennom generasjonar.
Og det aller viktigaste; me har gode folk på alle plan!