Voss Parkering AS

Illustrasjonsbilde for ledig stilling
Back symbol Tilbake til oversikt

Ønskjer du å utvikle gode parkeringstenester for besøkjande til Voss sentrum?

Dagleg leiar

Vår daglege leiar gjennom fleire år skal gå av med pensjon, og me søkjer no etter hans etterfølger.

Voss Parkering As sitt formål er å stå for bygging og drift av parkeringsanlegg i Voss kommune. Selskapet skal medvirka til å redusera trafikkbelastninga i sentrumsområdet og utvikle gode tilbod for gåande og syklande. I det store skal Voss Parkering medvirka til vedlikehald og utvikling av Vossevangen som regionsenter.

Det er til saman fem tilsette i selskapet, og som dagleg leiar får du eit personalansvar for desse. Som person er du stødig på drift av selskapet sine tenester og du er ein leiar som er til stades for alle tilsette.

Som dagleg leiar har du eit ansvar i å sikre at tenesta blir utøvd etter gjeldande regelverk, og i tråd med styret si styringsinstruks. Det ligg eit stort ansvar i å sikra god flyt i kommunikasjon med samarbeidspartnarane våre. I Voss Parkering As har me eit godt arbeidsmiljø, solid drift og sunn økonomi. Vi ser etter deg som er fleksibel og som mange ynskjer å samarbeide med. I denne stillinga får du moglegheita til å kombinere både forvaltning og forretning.
                                                                                 
Kva du har ansvar for:
  • Leiing, drift og utvikling av selskapet
  • Personaloppfølging og medarbeidarutvikling
  • Representera selskapet i politiske organ, eksterne fora og media
  • Deltaking i spørsmål omkring sentrumsutvikling og gjere analysar for trafikk og parkering
  • Vere pådrivar for nye tenester og digitale løysingar
  • Samarbeid og kontakt med partnarar
  • Saksbehandling etter forvaltningslova
  • Klagebehandling
  • Rapportering til styret

Din kompetanse:
  • Leiarerfaring
  • Økonomisk forståing
  • Teknisk forståing og interesse for digitale løysingar
  • Forståing og kjennskap til offentleg forvaltning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Tenestemålet i Voss Herad er nynorsk


Dine personlege eigenskapar:
  • Inkluderande og tilgjengeleg som leiar
  • Gode kommunikasjonsevner og god samarbeidskompetanse
  • Høg arbeidskapasitet
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga
  • Motivasjon for gode resultat innan både forvaltning og forretning

VI TILBYR:
  • Løn etter avtale
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit godt miljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode kommunale forsikrings- og pensjonsordningar


Interessert?
Vi tek gjerne ein uforpliktande og fortruleg samtale om stillinga. Ta kontakt med vår rådgjevar i Human, Morten Myhren, tel. 48 22 46 60. Spørsmål kan òg rettast til styreleiar i Voss Parkering, Torgeir Reime, tel. 91 79 94 63.
 

Om Voss Parkering AS

Voss Parkering AS vart skipa i 2003 og er 100 % eigd av Voss herad. Selskapet driftar om lag 1400 parkeringsplassar i sentrum. Dette er både kommunalt og privat eigde plassar. Voss Parkering AS har fem tilsette og ein omsetnad på kr. 13,5 mill. i 2022.

Info

Søk nå

Klar for å ta nye steg i karrieren?

Registrer CVen din hos oss, så er du kanskje et skritt nærmere drømmejobben.

Registrer CV