Sunnhordland Kraftlag AS

Illustrasjonsbilde for ledig stilling
Back symbol Tilbake til oversikt

Har du interesse for data og vil du stå på for rein og fornybar kraft?

Systemansvarleg fagsystem

Me har store ambisjonar om å betre nytta oss av alle data me har i våre fagsystem, både for å halda oversikt, ta betre avgjersler og effektivisera med integrasjonar til fleire av systema våre på tvers av selskapet.

Til dette ønsker me deg som likar å arbeida breitt med data og system, som kan bidra til å strukturere data, arbeida for å sikra gode data inn frå brukarar, analysera, presentera i dashbord, rapportera og arbeida med integrasjonar. For det handlar om berekraftig og lønnsam nytting av vår fornybare, reinaste og mest effektive energi, vasskrafta.

SKL er eit lokalt energiselskap og er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vasskraft i Noreg. Gjennom oppkjøp, utbygging og utvikling av eksisterande vasskraftanlegg framstår me som eit solid og framtidsretta selskap i utvikling. Stillinga blir ein del av stab og rapporterer til leiar i stab.

 
Din kompetanse:
  • Fortrinnsvis relevant høgare utdanning
  • Fortrinnsvis erfaring med systemforvaltning
  • Det er ikkje krav, men me er interessert i kva du kan om databasar og skytenester; AWS, Oracle, Azure og SQL. Samt programmering i til dømes Python og C# og web  
  • Ingen ulempe om du har kjennskap til energibransjen
  • Sertifikat klasse B

Dine personlege eigenskapar:
  • Flink å kommunisera og forklara, forstår kor behova og utfordringane er
  • Analytisk, lærevillig og nysgjerrig
  • Sjølvgåande og initiativrik
  • Strukturert til å gjennomføre det som er sett i gang
 
Vi tilbyr: 
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, kor folk blir lenge
  • Ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for heimekontorordning
  • Gode personal- og velferdsordningar
 
Arbeidsstad: I hovudsak ved vårt kontor på Stord.


Nyfiken? Har du spørsmål eller ønsker ein uforpliktande samtale om stillinga? Ta kontakt med vår rekrutteringsrådgjevar i Human, Magnus Ånestad på 992 67 888. Eller med økonomisjef, Knud Nagell Dahl, på 975 56 190. 

Om Sunnhordland Kraftlag AS

Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vasskraft i Noreg og eig i kraftverk som produserer omlag 2.700 GWh (150 000 husstandar) i Vestland og Rogaland fylke. SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging. SKL deltek også i utvikling av offshore vindkraft og grøn hydrogenproduksjon. Hovudkontoret er på Stord med einingar i Matre og Etne.

Info

  • Stilling: Systemansvarleg fagsystem
  • Arbeidssted: Stord
  • Heltid/Deltid: Fulltid
  • Søknadsfrist: 02.10.2022
  • Fylke: Vestland
  • Tiltredelse: Etter avtale
  • Kontaktpersoner:
  • Magnus Ånestad

    +4799267888
  • Knud Nagell Dahl

    +4797556190
  • https://skl.as/
Søk nå

Klar for å ta nye steg i karrieren?

Registrer CVen din hos oss, så er du kanskje et skritt nærmere drømmejobben.

Registrer CV