Sunnhordland Kraftlag AS

Illustrasjonsbilde for ledig stilling
Back symbol Tilbake til oversikt

Vil du stå på for rein og fornybar kraft?

Prosjektutviklar vasskraft

Som prosjektutviklar i Sunnhordaland kraftlag (SKL) spelar du ei nøkkelrolle i tidlegfasen av vasskraftutbygging.

Du snører fjellskoa på for å kartleggja terrenget og sjå på ulike løysingar for eit mogleg kraftverk. Kvar skal inntak og kraftstasjon leggast, er røyr eller tunell den beste løysninga? Du gjer berekningar på vassmengd og setter opp kostnadskalkyle og er med i teknisk kommunikasjon med vassfalleigar og myndigheiter. I arbeidet dreg du veksel på den omfattande kunnskapen som er på huset vårt og hos eksterne rådgivarar i analysar. Anten det handlar om økonomi,  biologisk mangfald eller turbinar. Er prosjektet godt er du med på utforming av konsesjonssøknad til Norges vassdrag- og energidirektorat. Når konsesjon er på plass, vil du koordinera detaljprosjekteringa med eksterne aktørar. Du er og med på å samla riktig underlag for at SKL sitt styre kan ta investeringsavgjersle for prosjektet. For det handlar om berekraftig og lønnsam nytting av vår fornybare, reinaste og mest effektive energi, vasskrafta.

I denne nyoppretta stillinga vil du auka vår kapasitet til å setja fleire prosjekt ut i live. Me ser etter ein generalist som likar å arbeida med ei stor bredde av fagfelt og oppgåver, som kan holda overblikket og koordinera ulike fagfelt. Du blir ein del av eit team med lang erfaring kor det er stor moglegheit for utvikling av eigen kompetanse.

SKL er eit lokalt energiselskap og er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vasskraft i Noreg. Gjennom oppkjøp, utbygging og utvikling av eksisterande vasskraftanlegg framstår me som eit solid og framtidsretta selskap i utvikling.
 
 
Din kompetanse:
  • Ingeniørutdanning relevant for vasskraft; til dømes byggingeniør, konstruksjon, grunnarbeid, maskiningeniør, energi og miljø eller fornybar energi. Fordel med sivilingeniørutdanning/mastergrad.
  • Erfaring frå bransjen er ein fordel, men ikkje eit krav 
  • Van med Excel og komfortabel med tall 
  • Erfaring eller interesse innan fornybar energi eller vasskraft
  • Sertifikat klasse B

Dine personlege eigenskapar:
  • Gode analytiske ferdigheiter til å fanga essensen og sjå problemstillingar som må løysast undervegs
  • Du arbeider strukturert og sjølvstendig
  • Ikkje bunden til ei løysning, men kan sjå nye vegar
  • Vil læra og har god arbeidskapasitet
  • Gode kommunikasjonsferdigheitar, skriftleg og munnleg, på nynorsk eller bokmål
 
Vi tilbyr: 
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, kor folk blir lenge
  • Ein fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for heimekontorordning
  • Gode personal- og velferdsordningar
 
Arbeidsstad: I hovudsak ved vårt kontor på Stord.


Nyfiken? Har du spørsmål eller ønsker ein uforpliktande samtale om stillinga? Ta kontakt med vår rekrutteringsrådgjevar i Human, Magnus Ånestad på 992 67 888. Eller med Avdelingsleiar Forretningsutvikling, Kjetil Harestad, på 975 56 049. 

Om Sunnhordland Kraftlag AS

Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vasskraft i Noreg og eig i kraftverk som produserer omlag 2.700 GWh (150 000 husstandar) i Vestland og Rogaland fylke. SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging. SKL deltek også i utvikling av offshore vindkraft og grøn hydrogenproduksjon. Hovudkontoret er på Stord med einingar i Matre og Etne.

Info

  • Stilling: Prosjektutviklar vasskraft
  • Arbeidssted: Stord
  • Heltid/Deltid: Fulltid
  • Søknadsfrist: 02.10.2022
  • Fylke: Vestland
  • Tiltredelse: Etter avtale
  • Kontaktpersoner:
  • Magnus Ånestad

    +4799267888
  • Kjetil Harestad

  • https://skl.as/
Søk nå

Klar for å ta nye steg i karrieren?

Registrer CVen din hos oss, så er du kanskje et skritt nærmere drømmejobben.

Registrer CV