Austrheim kommune

Illustrasjonsbilde for ledig stilling
Back symbol Tilbake til oversikt

Utfordrande og meiningsfull toppleiarutfordring i Austrheim kommune

Kommunalsjef helse og velferd

Austrheim kommune søkjer etter ein engasjert og utviklingsorientert leiar som evnar å byggja felles retning og lagkjensle på tvers av sektoren.

Som vår nye sektorleiar vil du bidra til framtidsretta tenesteutvikling og styrka vårt arbeid innan strategi og innovasjon. Du er ein tydeleg, nytenkjande og endringsorientert kommunalsjef - ein trygg leiar som jobbar strategisk med overordna planlegging, og som set ein tydeleg retning for ei positiv vidareutvikling av tenestene, medarbeidarar og leiarar.

Du får ei sentral rolle som ein del av kommunen si øvste leiing. Du vert ein del av kommunedirektøren si leiargruppe, du vil jobbe tett opp mot det politiske nivå i kommunen og du vil vera ein viktig bidragsytar til heilskapleg utvikling av kommunen.

Sektor Omsorg og Velferd er kommunens største med om lag 100 årsverk. I sektoren ligg helseeininga, omsorgstenesta, arbeid- og inkludering og frivillige tenester. I tillegg kjem eigen stab. Sektorens årlege driftsramme er på om lag 85 millionar kroner.


KVA DU FÅR ANSVAR FOR:
  • Personal-, økonomi- og resultatansvar for sektoren
  • Utvikla overordna strategiske mål og planarbeid knytt til desse
  • Ta initiativ og leia god organisasjons- og medarbeidarutvikling
  • Representera sektoren i politiske organ, eksterne fora og media
  • Sikra samhandling og gode medverknadsprosessar med tillitsvalde og verneteneste
  • Vera pådrivar for fagutvikling, innovativ tenesteutvikling og omstilling
  • Ansvar for sakshandsaming og iverksetjing av politiske vedtak
  • Skapa god samhandling internt
  • Skapa relasjon til lokalsamfunn, frivillig sektor og næringsliv
  • Bidra til godt tverrfagleg- og interkommunalt samarbeid

DIN KOMPETANSE:
  • Høgare relevant utdanning, ønskjeleg på masternivå, innan helse og leiing
  • God kjennskap til kommunal forvaltning
  • Leiarerfaring
  • Erfaring med personalansvar, budsjettarbeid og økonomistyring
  • Kjennskap til aktuelt lovverk
  • Evne til nytenking og kunna sjå nytten av digitale løysingar
  • God kjennskap til offentleg forvaltning og forståing for samspelet mellom politisk og administrativ leiing
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Tenestemålet i Austrheim er nynorsk
     
DINE PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
  • Tydeleg og synleg leiar, med inkluderande leiarstil
  • Gode kommunikasjonsevner og god relasjonskompetanse
  • Beslutningsdyktig og resultatorientert
  • Evne til strategisk, langsiktig og heilskapleg tenking
  • Høg grad av gjennomføringsevne
  • Høg arbeidskapasitet, evne til å gjera naudsynte prioriteringar og stå i krevjande situasjonar over tid
  • Evne til å leia tilsette i omstilling og endring
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjinga

VI TILBYR:
  • Løn etter avtale
  • Mogelegheit for eigenutvikling og stor påverknad
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit godt fagleg og sosialt miljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode kommunale forsikrings- og pensjonsordningar

Interessert?
Vi tar gjerne ein uforpliktande og fortruleg samtale om stillinga. Ta kontakt med vår rådgjevar i Human, Morten Myhren, tel. 48 22 46 60. Spørsmål kan óg rettast til kommunedirektør, Bjørnar Fjellhaug, tel. 414 33 375.

Tilsetjing skjer etter gjeldande lover, føresegner og avtalar. Det vert stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering (Offentleglova § 25).

Om Austrheim kommune

Austrheim kommune har om lag 3000 innbyggjarar. Tett på både Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet til stades for utvikling av framtidskommunen. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ønskjer å bli med for å skapa livskvalitet for dei som allereie bur her. Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!

Info

  • Stilling: Kommunalsjef helse og velferd
  • Arbeidssted: Austrheim
  • Heltid/Deltid: Fulltid
  • Søknadsfrist: 19.8.2022
  • Fylke: Vestland
  • Kontaktpersoner:
  • Morten Myhren

    +47 482 24 660
  • Bjørnar Fjellhaug

    +47 414 33 375
Søk nå

Klar for å ta nye steg i karrieren?

Registrer CVen din hos oss, så er du kanskje et skritt nærmere drømmejobben.

Registrer CV