Austrheim kommune

Illustrasjonsbilde for ledig stilling
Back symbol Tilbake til oversikt

Har du teknisk teft og leiarkompetanse? Spanande leiarutfordring i Austrheim kommune!

Einingsleiar teknisk drift

Austrheim kommune søkjer etter ein engasjert og utviklingsorientert leiar som evnar å byggja felles retning og lagkjensle på tvers av sektoren.
Vår leiar for teknisk drift gjennom mange år skal gå over i ei anna stilling i kommunen, og me søkjer erstattaren hans. Eininga har totalt 23 tilsette, deriblant leiarar for reinhald og eigedomsdrift. Einingsleiar rapporterer til kommunalsjef for forvaltning og service.

Me ser etter ein person med teknisk kompetanse og interesse, ein som har leiarerfaring, og som blir motivert av å leia eit breitt teknisk arbeid. Som einingsleiar skal du leia arbeidet med å sikra god tenesteproduksjon innanfor eigedomsdrift, VVA og reinhald, med stor merksemd retta mot kvalitet og tilfredsheit hos brukarane. Du får ei sentral rolle i kommunens arbeid, med stor kraft til å påverka kommunale beslutningar. Du vil sitja i kommunalsjefens leiargruppe, og vil og bidra i kommunestyremøte.

I vårt særs gode arbeidsmiljø vil du møta folk i alle aldrar, opne dører, kompetente fagpersonar og menneske som jobbar hardt for at Austrheim kommune skal sikra gode rammer og vilkår for sine innbyggjarar. Du deler vår visjon om å skapa handling og samhandling med fokus på gode tenester.

KVA DU FÅR ANSVAR FOR:
  • Overordna ansvar for dagleg teknisk drift
  • Overordna personal- og økonomiansvar for eininga
  • Arbeidet med kvalitetssikring og utvikling av tenestene
  • Overordna ansvar for opplæring, rettleiing og kompetanseutvikling av tilsette
  • Sikra rapportsystem, god informasjonsflyt og dokumentasjon
  • Digitalisering og effektivisering av eininga

DIN KOMPETANSE:
  • Brei teknisk kompetanse
  • Erfaring frå og interesse for leiing
  • God økonomiforståing
  • Erfaring med budsjettarbeid og økonomistyring
  • Evne til nytenking og sjå verdi i digitale løysingar
  • Kjennskap til offentleg forvaltning og forståing for samspelet mellom politisk og administrativ leiing
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

DINE PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
  • God på å ta imot, og gje rettleiing
  • Systematisk og effektiv
  • Lagbyggjar
  • Tydeleg, omsorgsfull og serviceinnstilt
  • Utviklings- og prosessorientert
  • Personlege eigenskapar blir vektlagde. Me vil ta omsyn til korleis den som blir tilsett kan utfylla medarbeidarar i organisasjonen

VI TILBYR:
  • Løn etter avtale
  • Stor fridom til å prioritera oppgåver, og til å styra sin eigen arbeidskvardag
  • Kompetanseheving og fagutvikling
  • Innmelding i KLP (Kommunal Landspensjonskasse). KLP har gode vilkår for pensjon, forsikring og banktenester

Interessert?
Me tar gjerne ein uforpliktande og fortruleg samtale om stillinga. Ta kontakt med vår rådgjevar i Human, Morten Myhren, tel. 482 24 660. Spørsmål kan òg rettast til kommunalsjef Thomas Lindås, tel. 409 03 860
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom ønskje om reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkjaren bli varsla om dette (Offentleglova § 25).

 

Om Austrheim kommune

Austrheim kommune har om lag 3000 innbyggjarar. Tett på både Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet til stades for utvikling av framtidskommunen. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ønskjer å bli med for å skapa livskvalitet for dei som allereie bur her. Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!

Info

Søk nå

Klar for å ta nye steg i karrieren?

Registrer CVen din hos oss, så er du kanskje et skritt nærmere drømmejobben.

Registrer CV