Tysvær Kommune

Jobb stilling illustrasjonsbilde
Back symbol Tilbake til oversikt

Er du opptatt av gode kommunale tenester og å forvalta dei tenleg?

Leiar ressurs- og tenestekontor

Tysvær kommune står framfor store endringar for å vidareutvikla robuste, trygge og tilgjengelege løysingar for innbyggarane. Tildelinga av dei fleste helse- og omsorgstenestene skal no samlast i eit ressurs- og tenestekontor. Til denne nyoppretta stillinga søker Tysvær kommune ein nytenkande og dyktig leiar til å leia omstillinga.

Tysvær kommune skal syta for at personar som oppheld seg i kommunen, får tilbod om nødvendige helse- og omsorgstenester. Ressurs- og tenestekontoret vil få eit breitt arbeidsområde. I tillegg til saksbehandling og vedtak skal kontoret også ha ansvar for fellesfunksjonar som koordinerande eining, kreftkoordinator, bustadforvaltning, bustadrettleiing, administrativ ressurs, omsorgsstønad, støttekontaktar, systemansvarleg innan velferdsteknologi og systemansvarleg fagprogram.

Den som vert tilsett må ha kompetanse innan leiing, fag og økonomi og ha interesse for å vera med å utvikla helse- og omsorgstenestene og vera ein aktiv pådrivar i endringsleiing og kulturbygging. Stillinga rapporterer til, og sit i leiargruppa til, kommunalsjef for Helse og mestring.

Dine viktigaste oppgåver:

  • Dagleg leiing av kontoret med ansvar for fag, personale, HMS og økonomi
  • Ha oversikt over relevante tilbod og tenester, og bidra til at kommunen sine ressursar blir nytta best mogleg
  • Strategiarbeid, fagutvikling og ansvarleg for utarbeiding av planar og rutinar
  • Ansvar for å samordna tenestene mellom tildelande og utførande einingar
  • Saksbehandling og samhandling med tenestemottakar, pårørande og aktuelle tenester
  • Samhandling på tvers av kommunen, andre kommunar og helseføretak
  • Samarbeida med andre aktørar, mellom anna frivillige
  • Delta i kommunalt og regionalt utviklingsarbeid
  • Bidra til at kommunen leverer smarte tenester og velferdsteknologi

Din kompetanse:

  • Bachelorgrad eller høgare innan helse- eller sosialfag
  • Leiarutdanning og leiarerfaring vil bli vektlagt
  • Fortrinnsvis erfaring frå saksbehandling innan helse og omsorg
  • God lovforståing og kunnskap om offentleg forvaltning og saksbehandling
  • Ynskjeleg med kunnskap om digitale system, dataprogram og velferdsteknologi

Ønska personlege eigenskapar:

  • Serviceinnstilt, synleg og tilgjengeleg
  • Svært gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg
  • Gode samarbeidsevner til å delegera, inspirera, rettleia og vidareutvikla medarbeidarar og kunne bygge team
  • Evne til å arbeida strukturert, sjølvstendig men også vera fleksibel, nytenkande og løysingsfokusert

Vi tilbyr:

  • Ei brei og spanande leiarutfordring
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fast, 100% stilling med konkurransedyktige vilkår

 

Nyfiken?

Vår rådgjevar i Human, Magnus Ånestad (992 67 888), tek gjerne ein uforpliktande og konfidensiell prat med deg. Kommunalsjef for Helse og mestring Annbjørg Lunde (982 86 868), kan også kontaktast ved spørsmål.

All kontakt behandlast konfidensielt, også overfor oppdragsgjevar i ein tidleg fase dersom dette blir oppgitt i søknad.

 

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste blir laga.

Om Tysvær Kommune

Tysvær kommune har ca. 11.000 innbyggarar, er sentralt plassert på Haugalandet. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund. Tysvær kommune er kjend for sin flotte og vekslande natur. Mange fjordar riv opp landskapet og formar ei kystlinje på heile 220 km. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og med eit godt og desentralisert utbygd skule- og barnehagetilbod. Tysvær kommune har om lag 1250 tilsette i heil – og deltidsstillingar. Våre medarbeidarverdiar er Raus, Open, Modig og Ansvarleg. Tysvær kommune sin visjon er Aktivitet og trivsel i Tysvær! Tysvær kommune er ein språknøytral kommune.

Info

  • Stilling: Leiar ressurs- og tenestekontor
  • Arbeidssted: Aksdal
  • Heltid/Deltid: Heltid
  • Arbeidstid: Dag
  • Søknadsfrist: 10.03.2020
  • Fylke: Rogaland
  • Tiltredelse: Etter avtale
  • Kontaktpersoner:
  • Annbjørg Lunde

    +47 982 86 868
  • Magnus Ånestad

    +47 99267888
  • www.tysver.kommune.no/
Søk nå

Klar for å ta nye steg i karrieren?

Registrer CVen din hos oss, så er du kanskje et skritt nærmere drømmejobben.

Registrer CV