Sveio kommune

Illustrasjonsbilde for ledig stilling
Back symbol Tilbake til oversikt

Vil du vere med å skapa god samfunnsutvikling i Sveio kommune?

Samfunnsplanleggjar

Plan- og næringsavdelinga i Sveio kommune er i dag ei eining med 9,75 årsverk og har ansvar for samfunnsplanlegging, arealplanlegging, kart/oppmåling/GIS, byggesak, jordbruk/skogbruk, naturforvaltning, miljøvern, viltforvaltning og beredskap.

Frå 01.oktober er det ledig 100% fast stilling som samfunnsplanleggjar. Som vår nye samfunnsplanleggjar får du ei sentral rolle i kommunen sine overordna og strategiske planarbeid, samt sakshandsaming.


DINE ANSVARSOMRÅDER:
  • Strategisk og overordna planarbeid med tilhøyrande sakshandsaming innanfor fagområdet
  • Representera Sveio kommune i regionale planprosjekt
  • Oppfølging av planprosessar og planvedtak
  • Deltaking i den kommunale beredskapsfunksjonen
  • Deltaking i andre arbeidsoppgåver som ligg til eininga

DIN KOMPETANSE:
  • Utdanning frå universitet eller høgskule
  • Relevant praksis innanfor fagområdet med god kjennskap til plan- og forvaltningsrett
  • Evne til å driva fram utvikling i samsvar med kommunen sine strategiar og planar
  • Gode datakunnskapar og kjennskap til relevant programvare innanfor fagområdet, t.d. digitale kartløysingar og programvare innanfor planlegging/analyse/kartpresentasjon

DINE PERSONLEGE EIGENSKAPER:
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å trivast i ein hektisk kvardag
  • Evne til å arbeida sjølvstendig, strukturert, målretta og effektivt
  • Lyttande og god på samarbeid
  • Serviceorientert og gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
  • Initiativrik og løysingsorientert
  • Førarkort kl. B og helst kunna stilla bil til disposisjon for køyring i tenesta

Nysgjerrig?
Vi tar gjerne ei uforpliktande og fortruleg samtale om stillinga. Ta kontakt med våre rådgjevarar i Human, Edvard Thormodsæter, på mob 95 88 22 99  eller Arne Dalehaug, på 95 78 64 54. Spørsmål kan og rettast til einingsleiar plan/næring, Bjarne Hetlesæter, på mob 97 70 48 25

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste blir laga.
 

Om Sveio kommune

Sveio kommune ligg sentralt mellom bykommunane Haugesund og Stord lengst sør i Hordaland og har om lag 5 800 innbyggjarar. Sveio har eit godt utbygd barnehage- og skuletilbod, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit næringsliv i vekst. Sveio kommune har fokus på å vera open, innovativ og venleg, med ei solid forankring i bygda si historie og gode tradisjonar. Sveio kommune; vilje til vekst og ein god stad å leva.

Info

Søk nå

Klar for å ta nye steg i karrieren?

Registrer CVen din hos oss, så er du kanskje et skritt nærmere drømmejobben.

Registrer CV