Sveio kommune

Illustrasjonsbilde for ledig stilling
Back symbol Tilbake til oversikt

Meiningsfull og utfordrande leiarstilling i Sveio kommune!

Rektor - Sveio skule

Sveio barne- og ungdomsskule ligg i Sveio sentrum og har for skuleåret 2021/2022 512 elevar fordelt på 10 trinn. Rektorstillinga ved Sveio skule inneheld spanande og interessante leiraroppgåver. Her få ein driva og vidareutvikla barne og ungdomsskule i krins som er i utvikling. Saman med resten av Sveio-skulane arbeider Sveio Skule i tråd med satsingsområda i Sveio kommune sin kvalitetsutviklingsplan der spesielt fokus no er på fagfornying og arbeid med modulkart.

Leiinga ved Sveio Skule består av rektor og to inspektørar. Med seg på laget får ein 81 dyktige tilsette med høg sosial og fagleg kompetanse.  Skulen har 100% merkantil stilling, sosiallærar og SLT koordinator to dagar per veke.
 
Som rektor må du kunne sjå samanhengar, sjå moglegheiter på tvers av fag og vere ein pådrivar i endrings- og utviklingsarbeid. Du får leie ein skule bygd på  kvalitetsbevisste vaksne som ynskjer å skape gode, inkluderande og trygge skulemiljø, og ein skule der alle trekkjer i same retning.


DINE ANSVARSOMRÅDER:
  • Vere ein synleg og tilgjengeleg leiar som motiverer til felles innsats for elevane si læring og utvikling
  • Fremje arbeidsglede, sjå den enkelte medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Vere serviceinnstilt og oppteken av å skape gode tenester for brukarane
  • Bidra aktivt til at skuleeigar når sine mål og intensjonar

DIN KOMPETANSE:
  • Pedagogisk leiing som set elevane si læring i sentrum - Leie arbeidet med å utvikle eit trygt, varmt og inkluderande skule - og læringsmiljø
  • Økonomi og personalansvar
  • Leie og motivere dyktige tilsette og leggje til rette for fagleg utvikling og profesjonelt læringsfelleskap
  • Forvalte skulen sine ressursar på ein måte som sikrar god trivsel og læring for elevar og tilsette
  • Fylgje opp kommunale og statlege føringar for grunnskuleopplæringa

DINE KVALIFIKASJONAR:
  • Du har relevant høgare utdanning og godkjend pedagogisk utdanning
  • Du har undervisningskompetanse og erfaring frå grunnskule
  • Du har leiarerfaring
  • Du har gode digitale ferdigheiter
  • Du er i stand til å bygge gode kollektive lag
  • Leiarutdanning, eller vilje til å ta denne

DINE PERSONLEGE EIGENSKAPER:
  • Du er ein synleg leiar som kan stå fram og vise retning
  • Du kommuniserer godt, skapar tillit og er i stand til å bygge gode kollektive lag
  • Du er i stand til å bygge gode relasjonar med elevane, dei tilsette og føresette
  • Du arbeider sjølvstendig, viser initiativ og har god arbeidskapasitet
  • Du er modig, trygg og har god gjennomføringsevne
  • Du har godt humør, er fleksibel og trivst med varierte oppgåver og tidvist høgt arbeidspress

Nysgjerrig?
Vi tar gjerne ei uforpliktande og fortruleg samtale om stillinga. Ta kontakt med våre rådgjevarar i Human, Edvard Thormodsæter, på mob 95 88 22 99  eller Geir Haraldseid, på mob 95 78 64 54. Spørsmål kan og rettast til kommunalsjef oppvekst, Elisabeth Nygaard, på mob 45 27 04 02.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkaren bli varsla om dette før offentleg søkarliste blir laga.
 

Om Sveio kommune

Sveio kommune ligg sentralt mellom bykommunane Haugesund og Stord lengst sør i Hordaland og har om lag 5 800 innbyggjarar. Sveio har eit godt utbygd barnehage- og skuletilbod, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit næringsliv i vekst. Sveio kommune har fokus på å vera open, innovativ og venleg, med ei solid forankring i bygda si historie og gode tradisjonar. Sveio kommune; vilje til vekst og ein god stad å leva.

Info

Søk nå

Klar for å ta nye steg i karrieren?

Registrer CVen din hos oss, så er du kanskje et skritt nærmere drømmejobben.

Registrer CV