NCE Maritime Cleantech

Illustrasjonsbilde for ledig stilling
Back symbol Tilbake til oversikt

For ytterlegare forsterka vår deltaking i EU-prosjekt som skal bidra til å redusera utsleppa frå skipsfarten, søkjer me no etter ein:

EU-rådgjevar

Stillinga skal støtte klyngemedlemmane i arbeidet med å identifisera relevante støtteordningar, og bidra til auka forskingssamarbeid mellom dei europeiske landa. Stillinga er delfinansiert av Innovasjon Norge. Arbeidsstad vil vera Stord eller Bergen etter nærmare avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Mobilisere bedrifter til auka deltaking i EU‐prosjekt
  • Vera oppdatert på aktuelle finansieringsutlysingar i EU
  • Rettleia bedrifter i klynga om finansieringsmoglegheiter for deira innovasjonsprosjek
  • Utvikle prosjektforslag som tiltrekker finansiering til NCE MC
  • Hjelpe bedrifter med koordinering og utforming av EU-søknader
  • Etablere gode europeiske prosjektkonsortium og fremja klynga si deltaking i sentrale fora i EU for å påverka komande utlysingar
  • Leggja til rette for tettare samarbeid innanfor NCE Maritime CleanTech og på tvers av klynger, og kopla aktørar til større satsingar 

Kvalifikasjonar
  • Bachelor/master eller Ph.d.- innanfor engineering, økonomi, samfunnsfag eller tilsvarande
  • God kjennskap til EU og EU sitt forsking- og innovasjonsprogram Horisont Europa og andre EU program
  • Erfaring frå søknadsarbeid som utløyser forskingsmidlar frå EU‐systemet , evt. frå søknader opp mot andre verkemiddelordningar vil vera ein fordel
  • Kunnskap og interesse for utvikling av grøne løysingar til dei havrelaterte næringar (maritim, marin, fornybar energi, olje og gass) vil bli sett som ein fordel
  • Erfaring med å samarbeide tett med både næringsliv og akademiske miljø
  • Gode engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Evne til strategisk og analytisk tenking
  • Høg arbeidskapasitet og evne til å skape relasjonar og bygge nettverk

Me kan tilby konkurransedyktige vilkår for den rette kandidaten, og moglegheit til å jobba i eit av dei mest innovative og framoverlente næringsmiljøa i verda. Ein del reiseverksemd må påreknast.

Nysgjerrig?
Vår rekrutteringspartner, Human, bidreg i gjennomføringa av denne rekrutteringsprosessen. Ta gjerne kontakt med våre rådgjevarar i Human: Odd Arild Sævik, på mob 450 21 995, eller Edvard Thormodsæter, på mob 958 82 299.

Du kan også ta kontakt med Hege Økland i NCE Maritime CleanTech, på mob 957 53 695.

Om NCE Maritime Cleantech

NCE Maritime CleanTech er ei verdsleiande klynge for reine maritime løysingar. Klynga har 130 partnarar som dekker heile den maritime verdikjeda. Organisasjonen vår nyttar den norske maritime ekspertisen, bygd opp over generasjonar, som eit springbrett for utviklinga av nye energieffektive og miljøvennlege teknologiar. NCE Maritime CleanTech og våre partnarar har hatt suksess med å vinna fram i konkurransen om EU-finansiering, og klynga er no involvert i fire pågåande EU-prosjekt.

Info

  • Stilling: EU-rådgjevar
  • Arbeidssted: Stord
  • Heltid/Deltid: Fulltid
  • Søknadsfrist: 14.02.2021
  • Fylke: Vestland
  • Tiltredelse: Snarest, etter avtale
  • Kontaktpersoner:
  • Hege Økland

    957 53 695
  • Edvard Thormodsæter

    +4795882299
  • maritimecleantech.no/
Søk nå

Klar for å ta nye steg i karrieren?

Registrer CVen din hos oss, så er du kanskje et skritt nærmere drømmejobben.

Registrer CV