Tysvær Kommune

Illustrasjonsbilde for ledig stilling
Back symbol Tilbake til oversikt

Vil du bygga god infrastruktur i Tysvær kommune?

Prosjektleiar anlegg

Prosjektavdelinga i Tysvær kommune har ansvaret for kommunen sine investeringsprosjekt; planlegging og bygging av kommunale bygg og kommunalteknisk anlegg som vann- og avløpsanlegg, kommunale vegar, parkeringsområde og idrettsanlegg.

Dei ledige stillingane som prosjektleiar vil ha ansvar for planlegging og realisering av kommunal infrastruktur som veg, vatn, avløp og grøn infrastruktur. Utbyggingar vil i hovudsak skje i aksen frå Grinde til Førre, men og andre delar av kommunen. Det skal byggast ein ny infrastruktur og eldre infrastruktur skal skiftast ut.

Stillingane er ein del av prosjektavdelinga som har 7 tilsette og ligg organisatorisk under resultatområde teknisk. Stillinga rapporterer til leiar av avdelinga. Kommunen brukar digitale verktøy på kart, innkjøp og prosjektgjennomføring.


ARBEIDSOPPGÅVER
  • Prosjektleiing i samband med planlegging og byggeleiing ved utbygging av kommunaltekniske anlegg
  • Kontaktperson opp mot private utbyggarar
  • Oppfølging av detaljprosjekterande konsulent
  • Oppfølging av anbud, bygging, ferdigstilling og evaluering

DIN KOMPETANSE:
  • Høgare relevant utdanning som ingeniør innan bygg, veg, vatn, avløp, maskin eller rør.
  • Vi ønsker også nyutdanna søkarar
  • Arbeidserfaring med prosjektleiing/byggeleiing innan eit av fagområda bygg, veg, vatn, avløp, maskin eller rør kan kompensera for krav til utdanning.
  • God forståing og erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy
  • Krav om førarkort klasse B

DINE PERSONLEGE EIGENSKAPER:
  • Du evnar å skapa tillit, er god å leia andre og er ein lagspelar som oppnår resultat saman med andre
  • Du er strukturert og har evne til å tåla arbeidspress
  • Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Du arbeider sjølvstendig og tar eigne initiativ
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskaper

Nyfiken?
Vi tek gjerne ein uforpliktande og fortruleg samtale om stillinga. Ta kontakt med våre rådgivarar i Human, Odd Arild Sævik, mobil 450 21 995 eller Magnus Ånestad mobil 992 67 888. Spørsmål kan og rettast til leiar for prosjektavdelinga, Jon Gunnar Vikingstad, mobil 404 19 115.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verte offentleggjorde sjølv om søkaren har bede om ikkje å verte ført opp på søkarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje vert teken omsyn til, vil søkaren verte varsla om dette før offentleg søkarliste vert laga.

Om Tysvær Kommune

Tysvær kommune har ca. 11.000 innbyggarar, er sentralt plassert på Haugalandet. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund. Tysvær kommune er kjend for sin flotte og vekslande natur. Mange fjordar riv opp landskapet og formar ei kystlinje på heile 220 km. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og med eit godt og desentralisert utbygd skule- og barnehagetilbod. Tysvær kommune har om lag 1250 tilsette i heil – og deltidsstillingar. Våre medarbeidarverdiar er Raus, Open, Modig og Ansvarleg. Tysvær kommune sin visjon er Aktivitet og trivsel i Tysvær! Tysvær kommune er ein språknøytral kommune.

Info

  • Stilling: Prosjektleiar anlegg
  • Arbeidssted: Aksdal
  • Heltid/Deltid: Fulltid
  • Søknadsfrist: 27.01.2021
  • Fylke: Rogaland
  • Tiltredelse: Etter avtale
  • Kontaktpersoner:
  • Jon-Gunnar Vikingstad

    +40419115
  • Odd Arild Sævik

    +4745021995
  • Magnus Ånestad

    +4799267888
  • www.tysver.kommune.no
Søk nå

Klar for å ta nye steg i karrieren?

Registrer CVen din hos oss, så er du kanskje et skritt nærmere drømmejobben.

Registrer CV